INTSOS.NO: Denne artikkelen finnes på: http://intsos.no?id=794


Odda og kampen mot internasjonal storkapital

KRAFT- og industrisamfunnet Odda har vore prega av internasjonal storkapital i nesten hundre år. I dag ligg ein tredjedel av Odda sentrum brakk etter ein styrt konkurs ved Odda Smelteverk A/S i fjor.

Dette industrisamfunnet innerst i Hardanger vart bygd opp på starten av 1900-talet. Då ville svensk og engelsk storkapital byggje Europas største kraftanlegg, Tyssedal kraftanlegg, for å levere straum til verdas største karbidfabrikk, Odda Smelteverk.

Det har vore sterke brytningar mellom sosialdemokratiet og revolusjonære i faglege og politiske spørsmål. I fleire periodar var kommunistane (NKP) størst. I dag er Arbeiderpartiet det største partiet og RV det nest største partiet. Dei største brytningane har dreidd seg om strategiane i høve til internasjonal storkapital.

I 1973 ville eigarane av DNN Aluminium i Tyssedal, (amerikanske ALCAN og engelske BACO), leggje ned fabrikken og eksportere straumen. Då gjekk fagforeininga i spissen for ein langvarig kamp for arbeidsplassane. "Krafta er vår og ho skal nyttast i Tyssedal!" var parola. Store demonstrasjonar og andre aksjonar resulterte i at Stortinget nasjonaliserte verket i 1974.

Men statleg eigarskap var ingen garanti for arbeidsplassane. Då Willoch-regjeringa etter valet i 1981 ville leggje Tyssedal-samfunnet øde, gjekk heile den lokale fagrørsla på nytt til aksjonar. Etter fire generalstreikar, norgeshistorias lengste politiske streik (26 dagar) og to store demonstrasjonsturar til Stortinget, vart det både skapt regjeringskrise (i 1982) og til slutt gjort vedtak om å byggje ein ny fabrikk ( i 1983). Denne store sigeren var eit resultat av eit sterkt lokalt aksjonsfellessskap og arbeidarsolidaritet frå heile landet.

I 1996 ville eigarane av Norzink, den største industribedrifta i Odda eigd av engelsk/australske Rio Tinto og svenske Trelleborg/Boliden, kvitte seg med alt vedlikehald, reinhald, kantine, transport, bygg/anlegg og mekaniske og elektriske avdelingar gjennom ei storstilt utskiljing. Rio Tinto var pådrivaren for dette. Dei hadde støtta fascistane i Spania og Indonesia for å sikre sine gruveinteresser, massakrert urbefolkning i Stillehavet og dreve fagforeiningsknusing i alle verdsdelar.

I Odda vart dei på nytt møtt av massive demonstrasjonar. Då dei utanlandske eigarane møtte på styremøte i Odda, vart dei omringa av 2500 rasande arbeidarar og over 50 fagforeiningsfaner.

Men denne gongen vart fagrørsla splitta gjennom eit utspekulert utspel: om ikkje 100 vedlikehaldsfolk vart skild ut, måtte 100 unge produksjonsarbeidarar gå. AP-ordføraren og lokale AP-folk i fagrørsla støtta utskiljingane og forbundet (Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund) kalla aksjonane tariffstridige. Resultatet vart eit kompromiss. Men fagrørsla si kampkraft vart svekka.

Det tredje store angrepet på industriarbeidsplassane i Odda skjedde då Odda Smelteverk A/S vart seld av engelske BOC (British Oxygen Company) til amerikanske Phillip Brothers i 1997. Då starta ei gradvis og utspekulert slakting av bedrifta. Først vart bedrifta sine kraftrettar seld til Statkraft for 160 mill. Seinare vart utvikling av vidareforedlingsdelen trenert. Deretter vart produksjonen gradvis underlagt konkurrenten i Tyskland, Degussa.

Deretter vart sjølve "flaggskipet", den nye CY-50-fabrikken, demontert av tyske montørar og seld til Degussa. Til slutt vart og resten av produksjonen avvikla. Odda vart offer for ein internasjonal hestehandel mellom Phillip Brothers og tyske Degussa (som tente seg styrtrike under nazi-Tyskland). Odda mista 210 industriarbeidsplassar, men ringverknadene var det fleirdoble. Degussa fekk monopol på fleire produkt medan lokalsamfunnet tapte milliardverdiar. Fleirtalet i fagforeininga og i kommunestyret var altfor godtruande til dei amerikanske eigarane og deira lokale støttespelarar heilt til det var for seint.

Desse lærdomane frå Odda kan vere viktige for andre i den faglege og politiske kampen mot globalisering og internasjonal storkapital – for arbeidsplassar og lokalsamfunn.

Terje Kollbotn
fagleg tillitsvald i Odda i over 25 år (herav 8 år som lokal LO-leiar)
gruppeleiar for Odda RV, det neststørste partiet i Odda kommunestyre