INTSOS.NO: Denne artikkelen finnes på: http://intsos.no?id=3144


Rederiarrogansen går sin gang!

Etter mykje mediaomtale i haust om rederiskatten, må ein berre konstatera at arrogansen blandt rederia går sin gong.

Rett utfor stupet i truverd vil vel mange seie. Klassekampen skriv om kva Anders Onarheim i meglerhuset Carnegie uttalte: “Bøllete opptreden av Staten”.

Dette attpåtil etter at den raudgrøne regjeringa nyleg vedtok omlag nullskatt for reiarane, kombinert med et krav om tilbakebetaling av ei skattegjeld på 20 milliardar kroner, men som i praksis berre vert på 14 milliardar, avdi 6 milliardar kan brukast av reiarane om dei investerar i “miljøtiltak”.

I Bergens Tidende les ein om reiarstrategi ovanfor ordførarar på Vestlandet. Dei lukkast med å få med seg 24 ordførarar som i eit opprop til Stortinget krev at regjeinga snur i skattesaka. I oppropet vert eit skrekksenario på 100 000 tapte arbeidsplassar langs

Vestlandskysten framstilt. Heile greia har vore ein velregissert e-postkampanje sett i scene av rådgjevar Marianne Hagen i Rederiforbundet.

Ei anna Marianne med etternamn Lie, som er administrerande direktør i "forbundet", græt også sine store rederitårer. Ho meiner i tillegg til tapte investeringar at ein til og med må selje skip for å kunne betale restskatten sin. Dette fortel ho til NRK, der ho seier vidare at

"Flere av selskapene vil få en så lav egenkapital at de vil være tvunget til å foreta dramatiske vurderinger for sin fremtidige virksomhet".

Men så hender det noko rart, ein snur seg om og får vita at dei 42 rikaste norske skipsreiarane har auka formuane sine med 50 milliardar kroner det siste året! Dette i følge utrekningar Økonomisk Rapport har gjort på grunnlag av tal i Kapital. Javel, seier kanskje nokon, men skal ikkje desse stakkars reiarane få ha sine "små" sparepengar i fred

for "den grådige staten". Til det er det berre å referera til kva Carnegie-sjefen seier:

“Jeg synes det er trist når de sier at det er bra å ta fra de rike eierne. For meg handler dette om politisk grådighet. Enten det er penger eller makt de er grådige etter, går det ut på det samme”.

Det er tydeleg at han veit kva han snakkar om. Makan til grådigheitskultur og "krokodilletåremakeri" frå reiarane og "strategilureri" frå Rederiforbundet skal ein leite lenge etter.

Kanskje det alvorlegaste midt opp i alt dette, er kunnskapen om at gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste i vårt samfunn berre dei siste 5 åra har auka drastiskt. I følge ei FAFO-undersøking tek landet sine 5000 rikaste inn over halvparten av kapitalinntektene. I tillegg har dei 10 prosent rikaste i landet no 25 prosent av totalinntekta

etter skatt. Tydelegare illustrasjon enn dette kjem ein vel ikkje på kva veg det går, om ikkje organisasjonsnoreg pressar den raud-grøne regjeringa til konkrete mottiltak.