IS

På nettsiden:

Kontakt oss

Om IS

Temaoversikt:

1968

Afganistan

Antikapitalisme

Antirasisme

Faglig kamp

Klima

Krigen i Irak

Kultur

Kvinnekamp

Marxisme

Midtøsten

Nasjonalisme

Økonomi

Søk i arkivet

Avansert

website stats

space
space

boks Hva skjer

boks Lenker

boksInternasjonal Sosialisme

Møter, seminarer, demoer. Se hva som skjer. [mer]

Motstand på nettet [mer]

Abonner på Internasjonal Sosialisme. [mer]

Bok

SV og RV er ein gjeng med studentar vi ikkje liker

27_frp_koden_omslag_large.jpg

pil

Magnus Marsdal:
Frp-koden
Manifest forlag

Med boka «Frp-koden» har Magnus Marsdal skrivi ei politisk analyse av kvifor så mange arbeidarar stemmer Frp. Han prøver å vise korleis Arbeidarpartiet har enda opp med å bli styrt av personer som kan hevda at vi ikkje har klasser i det moderne samfunnet.

linje

Publisert: 18.08.2007

Magnus Marsdal er tidlegare journalist i Klassekampen. Han var leiar av Attac Noreg i tida 2005-2006, og gav i 2003 saman med Bendik Wold ut boka «Tredje Venstre».

Eit av dei første inntrykka eg gjer meg når eg les «Frp-koden» er respekten Marsdal har for menneska han skriv om. Dette er noko som ein ikkje må ta forgitt når det gjeld eit møte mellom personar frå den radikal venstresida og Frp-veljarar. Ein opplever heller eit regn av fordømmande uttrykk som «rasistane»; «egoistane» osv.

Denne boka tek tidleg eit implisitt oppgjær med slike haldningar. Ein skjønner tidleg at Marsdal har respekt for dei menneska han skrive om og dette forsterkar den lesarlysta som boka tidleg skapar. Å la det være sagt; dette er ei velskreve og lettlest bok. Den er ei slags blanding av ein odyssé og ei politisk analyse, og fungerar bra anten Marsdal studerar teoretiske modellar over vertikale kulturband, eller reiser på tur til det Are Kalvø ville ha kalla ur-syden.

Analysa i boka er dialektisk i tru forstand i og med at den tek for seg ein rekke faktorar, personar og strukurar i fortida, notida og framtida når den skal søke og forklare Frp sin store framgang i Noreg den siste tida. Slik eg ser det handlar boka først og fremst om å forklare kvifor Frp har så stor politisk appell blant «vanlege» arbeidarar i Noreg. Dette skulle seie seg åpenlyst ut frå tittelen, årsaka til at det er nødvendig å spesifisere er at boka har også mykje meir å tilby.

Oppgjer

Analysen til Marsdal startar med den norske arbeidarrørsla og det Arbeidarparti som sprang ut av den. I denne delen av boka tek Marsdal eit oppgjer med sentrale delar av det vi kan kalle myta om den norske velferdsstaten. Han tek for seg korleis Arbeidarparitet sprang ut av ei fagrørsle tukta på sjølvverd og eigenaktivitet. Han viser oss korleis denne eigenaktiviteten allereie frå tida like etter andre verdskrig blir systematisk underminert av toppsjiktet i partiet. Han viser at den norske velferdsauka etter krigen ikkje nødvendigvis blei skapt av sosialdemokratiet, men heller forvalta av det. Han sett velferdsauka i samanheng med ein generell økonomisk oppgang som fann stad i mange europeiske land, og sjølv då i fascistiske land som Spania.

Årsak til at han tek dette opp er for å vise at toppsjiktet i Arbeidarpartiet, og fagrørsla, tidleg gav opp tanken om å reformere Noreg inn i revolusjonen. Dei slo seg heller til ro med å bli forvaltarar av ein kapitalistisk økonomi, som var i sterk vekst i denne perioden. Arbeidarpartiet gjekk dermed frå å være eit parti tukta på ein opposisjonell ideologi, til å bli eit parti samanvevd med den norske stat.

Topplanet i Arbeidarpartiet

Marsdal framhevar som ei viktig årsak til at topplanet i Arbeidarpartiet har enda opp med å ha så liten gjennomslagskraft hos folk flest, det faktum at vi umiddelbart etter krigen fekk framveksten av ein ny politisk elite. Han viser korleis mange av medlemmane av det gamle Arbeidarpartiet, personar med solid erfaring frå arbeidslivet, smelta saman med delar av den gamle eliten. Vi fekk altså ein ny politisk elite i Noreg. Ein elite som dei noverande politikarane i den norske stat både er sprungen ut av og er ein del av.

Poenget til Marsdal er her å prøve å vise oss korleis Arbeidarpartiet i dag har enda opp med å bli styrt av personar som seriøst kan hevda at vi ikkje lenger har klasser i det moderne samfunnet. Han viser oss også korleis dette blir avslørt av «folk flest». Dette viser han gjennom å peike på at vi i store delar av befolkninga har fått ein politikarforakt som nettopp gir uttrykk for mistru over for folk som aldri har hatt «ærlig» arbeid.

Marsdal argumenterar for at den sosiale posisjonen til politikarane er ein faktor når ein skal forklare kvifor desse ikkje lenger har vilje eller evne til å søke å reformere økonomien.

Nøkkelpunkt

Her er vi også inne på eit nøkkelpunkt i analysen hans. I fråværet av politiske økonomiske spørsmål har såkalla kulturelle verdiar enda opp med å bli det sentrale i den politiske debatten. Det er då tema som innvandring, u-hjelp, for og i mot homofili osv. Marsdal argumenterar for at når det gjeld kulturelle verdiar kan andre lojalitetar enn horisontale klasselojalitetar være vel så sterke når det gjelder å yte påverknad på kva parti ein skal velje å stemme på. Han peikar på at i ein politisk strid prega av kulturelle verdiar kan vertikale kulturelle band være vel så viktige. I slike «verdikampar» kan altså ein lågtløna ufaglært person med arbeidsplass i det private ha like mykje til felles med ein styrtrik bedriftsleiar, som med ei lågtløna ufaglært person ansatt i det offentlege. Her kan ein jamt ut sitere ei hypotese frå boka «jo mindre fokus på økonomiske klassemotsetninger og jo mere fokus å verdipolitikk, jo større blir høyrepopulismens vinnersjanser». Han stiller og spørsmålet om kvifor den radikale venstresida, først og fremst partia RV og SV, ikkje har lukkast i å dra til seg mange av dei desillusjonerte arbeidarpartiveljarane. Her spelar også dei same vertikale kulturelle banda inn. Enkelte av Marsdal sine intervjuobjekt nærar ei tydeleg mistru og seier det rett ut: SV og RV er ein gjeng med studentar som vi ikkje liker.

Skapt eit klima

Marsdal konkluderar med at fleire ulike faktorar har skapt eit klima som er perfekt for høgrepopulisme generelt og Frp spesielt. Marsdal peikar på at Hagen å co også eksplisitt har gitt utrykk for dette. Ein viktig del av Frp sin suksess er altså at dei klarer både å forstå og å utnytte dette politiske klimaet til sin fordel.

Dette er ei overforenkling av enkelte av momenta boka har å tilby. Den er ei solid politisk analyse og eit must for ein kvar kampvillig person på den radikale venstresida. Ikkje berre tilbyr den forklaringar på fenomenet Frp, den tvingar oss også på ein nesten ubehagelig måte til å vurdere ting vi tek for gitt, både med våre eigne politiske standpunkt, og dei ulike taktikkane vi brukar for å bli høyrde blant folk flest.

Frode Barstad


printPrint-versjon

tipsTips en venn:

tips
space

space
space

Logg inn



Husk meg

Ny Bruker


RSS-feed

Siste 5 saker:

Ny nettside

... [mer]

20.01.2017

Ny nettside

Internasjonale sosialister har fått ny nettside: internasjonalesosialister.no ... [mer]

02.01.2017

Ingen norsk imperialist-krig! Ingen legitimitet for bombing!

... [mer]

21.11.2015

Imperialistiske stormakter har satt det syriske folket til side

30. oktober satt stormakter og diktaturer seg til bords i Wien for å drøfte hva de vil med Syria. Den syriske sosialisten Ghayath Naiss ... [mer]

18.11.2015

Deres kriger - våre døde

NPA (Frankrike) om terrorhandlingene i Paris 13. november. Oversatt til dansk av Internationale Socialister og publisert i Socialistisk ... [mer]

18.11.2015

INTERNASJONALE SOSIALISTER // PB 9226, 0134 Oslo. // Tel: 22 20 17 89 // Fax: 22 20 35 70. Epost: intsos@intsos.no. Teknisk: webmaster@intsos.no.