IS

På nettsiden:

Kontakt oss

Om IS

Temaoversikt:

1968

Afganistan

Antikapitalisme

Antirasisme

Faglig kamp

Klima

Krigen i Irak

Kultur

Kvinnekamp

Marxisme

Midtøsten

Nasjonalisme

Økonomi

Søk i arkivet

Avansert

website stats

space
space

boks Hva skjer

boks Lenker

boksInternasjonal Sosialisme

Møter, seminarer, demoer. Se hva som skjer. [mer]

Motstand på nettet [mer]

Abonner på Internasjonal Sosialisme. [mer]

Bok

Drømmen om Israel. Historiske og ideologiske forutsetninger for staten Israel.

2829_bok_drmmen_om_israel.jpg

Denne boka blei først gjeven ut i 1984 og på nytt i 2006. Forfattaren skriv sjølv i innleiinga at formålet med boka er å bidra til ei djupare forståing av staten Israel når det gjeld dens rolle som berar av jødisk identitet etter den 2 verdskrigen, og dens karakter som regime i Palestina.

linje

Publisert: 10.05.2007

Nils A. Butenschøn
Universitetsforlaget 2006

Forfattaren erklærar sjølv at han er kritisk til både sionismen og staten Israel, men hevdar også at boka ikkje er meint som eit propagandainnlegg. Det er sjølvsagt heller ikkje nødvendig. Dei kalde fakta talar for seg sjølv. Forfattaren, Nils A. Butenschøn, er førsteamanuensis i internasjonal politikk ved Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo.

Boka gir ei grundig innføring i korleis sionismen oppstod i Europa og korleis denne rørsla skapte og forma staten Israel til det regime den er i dag. Den gir altså ein innføring i det idépolitiske grunnlaget for staten som er uunværlig for alle som er engasjert i Israel-Palestina spørsmålet i dag. Sidan boka er over 20 år gammal må ein seie at den fungerar best når det gjeld dei historiske analysane Eg har ikkje kjennskap nok til dei sosiopolitiske sidene ved staten Israel i dag til å kunne vurdere om boka si skildring av staten er utdaterte. Til dømes hadde det vore spanande å fått lese forfattaren sine synspunkt på kva immigreringa av jødar frå dei tidlegare sovjetrepublikkane og opprettinga av palestinske demokratiske institusjonar har ført til. Når det er sagt, sidan det er ei idépolitisk bok så er ikkje nødvendigvis slike manglar utslagsgivande.

Kompleks og mangfoldig

Boka gjev ei forståing av sionismen som ei kompleks og mangfaldig rørsle. Til dømes finst det ein venstresionisme som er tydeleg påverka av sosialistiske tankar og idéar, men også ein høgresionisme som er påverka av fascistiske, og seinare høgrekonservative tankar og idear. Forfattaren viser korleis rørsla oppstod i aust-europa som eit resultat av ei jødisk identitetskrise og ein aukande politisk antisemittisme. Han viser korleis denne rørsla, med sosial forankring i middelklassa, blei påverka av idépolitiske straumingar i Europa. Viktigast her er påverkinga av nye tankar om folket frå den franske revolusjonen og ulike tankar om nasjonal staten. Han viser korleis verdas sionistorgansisasjon blir oppretta og korleis enkelte av dei leiande skikkelsane innanfor denne utveklar sin strategi og knyt seg til ulike stormaktsinteresser i Europa. Forfattaren viser korleis den sionistiske rørsla byrjar å organisere ein settlerkolonialisme i Palestina og korleis denne etterkvart blei den dominerande, i forhold til andre tidlegare jødiske ikkje-sionistiske utvandringar til Palestina, korleis dette kan sjåast i lys av den europeiske kolonialismen og korleis den skil seg frå andre slike rørsler.

Ein av hovuddelane i boka er ei analyse av dei 3 ulike sionistiske politiske retningane. Spesielt spanande er her kapittelet om korleis enkelte av desse retningane blir påverka av både den europeiske sosialismen og fascismen. Det finnast altså både ein venstresionisme og ein høgresionisme. Den siste av dei 3 er den religiøse sionismen. Boka viser korleis dette er den einaste av dei 3 som er basert på religion. Forfattaren viser dermed at det er viktig å sjå dei to største retningane innafor sionismen i lys av ei jødisk sekularisering som byrja på 1800-talet. Han synar på ein klar og tydelig måte likskapar og ulikskapar mellom desse to retningane og dei politiske og historiske følgjene som kjem av dette.

I den siste hovuddelen søkjer forfattaren å analysere kva slags stat Israel er i dag? Til trass for Jan Otto Johansen sin flåsete utsegn om at det verker som om mange av debattante i den norske Israel-palestina debatten hater jødane av forståing for palestinarane eller omvendt, har eg merka meg at dei fleste sosialistar legg hovudvekt på sionistane og ikkje jødane. Forfattaren viser oss på ein grundig måte at Israel slett ikkje er ein jødisk stat, men nettopp ein sionistisk stat. Til trass for at denne delen moglegens er utdatert, er det denne som er den klart mest spanande og aktuelle i forhold til vårt syn på staten Israel. I denne delen diskuterar han mellom anna om staten Israel er ein rasistisk stat. Dette er uunværleg lesning for alle som i moderne tid argumenterar for å sjå på Israel som eit apartheid-regime.

Til slutt må eg nemne at det er ein stor mangel med boka at den ikkje tek opp i noko som helst slags grad forhaldet mellom Israel og USA. Dette kan skuldast at fokuset først og fremst ligg på sionismen og Israel som ei rørsle og ein stat sprungen ut av Europa. Men det kunne ha vore lærerikt å fått vite korleis forfattaren ser staten Israel i lys av dette, spesielt sidan han bruker mykje tid på å vurdere sionismen og Israel i lys av europeisk kolonialisme og imperialisme.

Frode Barstad


printPrint-versjon

tipsTips en venn:

tips
tips
space

space
space

Logg inn



Husk meg

Ny Bruker


RSS-feed

Siste 5 saker:

Ny nettside

... [mer]

20.01.2017

Ny nettside

Internasjonale sosialister har fått ny nettside: internasjonalesosialister.no ... [mer]

02.01.2017

Ingen norsk imperialist-krig! Ingen legitimitet for bombing!

... [mer]

21.11.2015

Imperialistiske stormakter har satt det syriske folket til side

30. oktober satt stormakter og diktaturer seg til bords i Wien for å drøfte hva de vil med Syria. Den syriske sosialisten Ghayath Naiss ... [mer]

18.11.2015

Deres kriger - våre døde

NPA (Frankrike) om terrorhandlingene i Paris 13. november. Oversatt til dansk av Internationale Socialister og publisert i Socialistisk ... [mer]

18.11.2015

INTERNASJONALE SOSIALISTER // PB 9226, 0134 Oslo. // Tel: 22 20 17 89 // Fax: 22 20 35 70. Epost: intsos@intsos.no. Teknisk: webmaster@intsos.no.